Familien

Familien er ein sjarmerande og behageleg frisørsalong i nedre del av Sogndal sentrum.

3 frisørsøstre starta saman i 2010. Eit naturleg namn vart skapt rundt nettopp det å vera i familie. Sidan den gong har èi syster valgt ein ny veg, men namnet består. I dag dyrkar salgonen namnet i form av å skapa ein roleg, triveleg og varm atmosfære i lokalet, men også ein salong som passar for heile familien.

 

Trass i at vi freistar å skapa eit roleg miljø har vi effektive, oppdaterte og nyskapande frisørar for deg som tingar alt frå ein kjapp stuss til deg som skal ha med heile brudefyljet til styling.


Våre frisørar er jamleg på treff og kurs for å halda seg oppdatert på nye trendar, teknikkar og for å setta seg inn i nye produkt og utstyr.


Vi ynskjer deg velkommen til ein triveleg behandling hjå oss.